Rapporteringspliktene dine
Kva må rapporterast?
Kva som må rapporterast blir bestemd blant anna av:
- kva for organisasjonsform du driv
- kva for bransje
- kva du sel
- kva for hendingar som inntreff.
Sjølv om du driv aleine må du sende inn skjema, som oftast innanfor økonomi, skatt og avgifter. Før du startar opper det lurt å sette seg inn i kva rapporteringsplikter som gjeld for verksemda di.
Rapporteringsplikter som gjeld dei aller fleste:
Skattemelding
Årleg må du rapportere om økonomien til verksemda til Skatteetaten i form av ei skattemelding. Organisasjonsforma og omfanget bestemmer kva for krav det vert stilte til rekneskapen og dokumentasjonen.
Årsregnskap
Alle rekneskapspliktige verksemder, som til dømes aksjeselskap, må i tillegg sende inn årsrekneskapen til Brønnøysundregistera.
A-melding
Verksemder som betalar ut lønn skal kvar månad levere inn ei a-melding. Her gjev ein opp informasjon om lønn, arbeidsgjevaravgift og skattetrekk for tilsette. Du må levera a-melding sjølv om du driv verksemda åleine og er einaste tilsette.
Mva-melding
Meirverdiavgiftspliktige verksemder skal levere mva-melding annankvar månad.
Aksjonærmelding
Aksjeselskap skal kvart år sende inn ei aksjonærregisteroppgåva til Skatteetatens aksjonærregister. Dette er ei oversikt over kven som var aksjeeigarar i selskapet i året som gjekk.
Ulike hendingar kan føre til rapporteringsplikt
Eksempel kan vere arbeidsulykker, sal av aksjar eller endring i styret for verksemda eller vedtekter. Statistisk sentralbyrå kan også ha behov foropplysningar frå verksemda di. Da vil du få skjema for å fylle ut og rapportere til den offisielle statistikken i Noreg.
Bransjar med eigne reglar
Ei rekkje bransjar har eigne krav til rapportering til Skatteetaten:
Oppgaveregisteret
Oppgåveregisteret hos Brønnøysundregistera gir oversikt over kva opplysningar verksemda di kan bli pålagt å innrapportera til statlege styresmakter. Ver merksam på at kommunale og fylkeskommunale rapporteringsplikter ikkje er med i denne oversikta.