Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Arbeidsforhold
  4. A-meldinga — rapportering av lønn og tilsette

A-meldinga — rapportering av lønn og tilsette

Når du har tilsette og betalar ut lønn har du ein del lovpålagde rapporteringsplikter du må ta stilling til.

Månadleg rapportering

Som arbeidsgjevar har du blant anna plikt til å: 

  • Melde start, endring og opphøyr av arbeidsforhold til Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret). 
  • Rapportere lønn og andre ytingar til Skatteetaten og NAV. 
  • Levere opplysningar til Statistisk sentralbyrå (SSB).

Desse opplysningane skal du rapportere gjennom a-meldinga.

Skjema:

Fristar

A-meldinga skal sendast inn kvar månad. Fristen for å levere er den 5. i månaden etter tilsettinga eller utbetalinga av lønna eller ytinga. Dersom den 5. er helg eller heilagdag, er fristen første arbeidsdag etter. Leverer du ikkje a-meldinga, eller leverer ho med feil, kan du bli ilagd tvangsmulkt.

Organisasjonsnummer for a-meldinga

I a-meldinga skal du identifisere føretaket ditt ved å oppgi organisasjonsnummeret på hovudeininga. Om du har tilsette, skal du også oppgi organisasjonsnummeret for undereininga(Ei undereining identifiserer aktiviteten hovudeininga driv) som den tilsette er knytt til i føretaket.

Du finn organisasjonsnummeret til undereininga ved å søkje på "Søk i verksemdopplysningar" på brreg.no og deretter velje "Tilknytte verksemder" nedst på sida.

Registrering som arbeidsgivar

Når du sender inn a-meldinga blir bedrifta automatisk registrert som arbeidsgivar i Aa-registeret hos NAV.

Registrering av arbeidsforhold

Når du sender inn den første a-meldinga blir den tilsette automatisk registrert som arbeidstakar i Aa-registeret. Arbeidstakaren vil vere registrert som arbeidstakar i verksemda di heilt til du melder ein sluttdato. Du må levere a-meldinga kvar månad inntil arbeidsforholdet stansar, sjølv om du ikkje betalar ut lønn.

Sporadisk tilsette

Har du sporadisk tilsette med arbeidsforhold som ikkje er avslutta, må du sende inn a-meldinga sjølv om det ikkje har vore nokre lønnsutbetalingar i perioden. Opplysningar om arbeidsforholdet skal sendast inn så lenge det ikkje er avslutta. Dersom du veit at utbetalinga er ei eingongsutbetaling kan du sette start- og sluttdato i same melding.

Rapportering av permitteringar

Dersom den tilsette er permittert skal du oppgi dette i a-meldinga. Oppgi datoen permitteringa startar og gjenta startdatoen i kvar a-melding så lenge permitteringa varar. Lønnspliktdagar skal inngå i permitteringsperioden.

Innsyn i Aa-registeret

Arbeidsgivarar kan til ei kvar tid sjå kva som er registrert i Aa-registeret via "Min side - arbeidsgiver" på NAV. Under "Arbeidsforhold" ligg ei oversikt over alle tilsette og informasjon om arbeidsforholda. Informasjonen blir henta frå det som er rapportert i a-meldinga. Dersom du finn feil i opplysningane må du sjølv korrigere opplysningane gjennom a-meldinga.

Årleg samanstilling

Som arbeidsgjevar skal du etter årets slutt, innan 1. februar, gje inntektsmottakaren ei årleg samanstilling over alle rapporterte opplysningar. Samanstillinga skal i tillegg vise feriepengegrunnlaget, forskotstrekk og tilsettnummer bruka til å identifisere den tilsette i systema dine. Det er ikkje noko formkrav til korleis samanstillinga skal sjå ut, berre til innhaldet.