Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Skatt og avgift
  4. Aksjonærregisteret

Aksjonærregisteret

Alle aksjeselskap skal kvart år sende inn ei aksjonærregisteroppgåve (RF-1086) til Aksjonærregisteret hos Skatteetaten. Denne leverer du elektronisk via Altinn eller Skatteetaten sine nettsider. Frå 1. juni 2026 må du sende aksjonærregisteroppgåva gjennom eit sluttbrukarsystem. Da blir dagens løysing i Altinn avvikla.

Aksjonærregisteroppgåva

Aksjonærregisteroppgåva skal innehalde opplysningar som har betydning for skattlegginga av aksjonærane. Ho dannar grunnlag for "Aksjeoppgåva" som blir send til aksjonærane for bruk i skattemeldinga.

Aksjonærregisteroppgåva kan du sende inn etter kvart som eventuelle endringar skjer, men ho må seinast sendast innan 31. januar i året etter inntektsåret. Det er den sist innsende oppgåva som vil vere den gjeldande. Oppgåva skal sendast til aksjonærregisteret sjølv om det ikkje har vore endringar i løpet av året.

Nystifta selskap skal levere aksjonærregisteroppgåva sjølv om selskapet ikkje er registrert i Føretaksregisteret innan årets slutt.

Selskap som er avvikla i løpet av året, skal også sende inn aksjonærregisteroppgåva. 

Tvangsmulkt

Du kan bli ilagd døgnmulkt på 673 kroner per døgn (for 2026) om du leverer for seint, unnlet å rapportere eller om det openberre feil i dei opplysningane som blir rapporterte. Mulkta kan ikkje overstige 13 450 kroner.