Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Starte bedrift
  4. Valg av organisasjonsform
  5. Samvirkeføretak (SA)

Samvirkeføretak (SA)

Er de to eller fleire personar som ønsker å skape dykkar eigen arbeidsplass? Eller er de allereie etablerte føretak og ønsker å samarbeide, for å levere betre varer eller tenester? Har de behov for å løyse felles oppgåver? Da kan samvirkeføretak vere organisasjonsforma for dykk.

Kjenneteikn samvirkeføretak:

  • Ingen krav til innskoten kapital, men det skal vere forsvarleg eigenkapital.
  • Brukarnytte og samarbeid er viktigare enn kapitalavkastning.
  • Eigen juridisk person.
  • Mogleg å vere tilsett.
  • Overskotet kan delast mellom medlemmene etter deira samhandel med samvirkeføretaket
  • Demokratisk - ein medlem har normalt berre ei stemme
  • Kan ikkje kjøpast opp av eksterne

Formålet med samvirkeføretaket

Hovudformålet i eit samvirkeføretak er å fremje medlemmene sine økonomiske interesser. Sentralt i dette ligg at du som medlem gjennom samarbeid får oppfylt dei økonomiske interessene dine, anten som tilsett, leverandør eller kunde hos samvirkeføretaket. Medlemmene sine behov for samarbeid er viktigare enn at føretaket går med mest mogleg overskot.

Hovudformålet om å fremje medlemmene sine økonomiske interesser blir tolka vidt. Samvirkeføretak kan for eksempel nyttast av samanslutningar av personar som i ulik grad driv næringsverksemd. Dette betyr at for eksempel veglag eller eit grunneigarlag er eigna som eit samvirkeføretak sjølv om den økonomiske verksemda ikkje blir rekna som stor.

Eigarskap

Samvirkeføretak kan stiftast av både fysiske og juridiske personar. Eit samvirkeføretak må til kvar tid ha minimum to medlemmer/eigarar. Fysiske personar må vere over 18 år.
I samvirkeføretak skal alle eigarane behandlast likt og ha same innverknad. Hovudregelen er derfor at alle medlemmene har ei stemme på årsmøtet.

Krav til kapitalinnskot

Det er ikkje krav om partsinnskot (beløpet medlemmene betalar når dei blir medlemmer i samvirkeføretaket). Samvirkeføretak må likevel ha ein forsvarleg eigenkapital til kvar tid. Eigenkapitalkravet må vurderast opp mot omfanget av verksemda. Det kan derfor i praksis bety at samvirkeføretaket må ha partsinnskot.

Ansvar

Medlemane har ikkje ansvar for gjelda til samvirkeføretaket utover eit eventuelt partsinnskot.

Utbetaling av overskot

I eit samvirkeføretak blir ein del av overskotet utbetalt til medlemmene basert på medlemmene si samhandling med føretaket. Eksempel på samhandling vil kunne vere kjøp frå, sal til eller arbeid for samvirkeføretaket.

Her er nokre moment som er viktig for deg å ta stilling til når du vurderer å etablere samvirkeføretak:

Økonomisk risiko

All næringsverksemd medfører økonomisk risiko, men når det gjeld samvirkeføretak må ein særleg sjå på graden av næringsverksemd som skal startast opp og om det skal betalast innskot eller ikkje. Som tidlegare nemnt, er hovudformålet med eit samvirkeføretak å fremje interessene til medlemmene, ikkje skapa mest mogleg overskot for eigarane. Det er også avgrensingar i kor store eigarandelar ein kan ha. Vidare er det avgrensingar i forhold til fordeling av overskot, fordelinga er knytt til samhandlinga med samvirkeføretaket. Alle desse momenta er med på å redusere den økonomiske risikoen du som eigar tar ved å etablere samvirkeføretak.

Tilsett 

Ein av fordelane med å etablere eit samvirkeføretak er at du som eigar også kan vere tilsett i føretaket. Du har da like rettar som andre arbeidstakarar. Samvirkeføretaket har arbeidsgivaransvar og du skal ha lønn.

Sosiale rettar

Sjukepengar

Som eigar og tilsett har du krav på 100 prosent sjukepengar frå første sjukedag. Men ver merksam på at Nav dekker sjukepengane først frå dag 17. Dei første 16 kalenderdagane er det arbeidsgivaren som skal betale sjukepengar.

Dagpengar

Som eigar og tilsett opparbeider du rett til dagpengar ved arbeidsløyse, på lik linje med andre arbeidstakarar. Vilkåra for å få dagpengar finn du hos Nav.

Pensjon

Som eigar og tilsett tener du opp pensjonsrettar av det du får i lønn, på lik linje med andre arbeidstakarar. Ved overgang til pensjon vil likevel dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Dersom selskapet har fleire tilsette vil det normalt ha plikt til å teikne ei tenestepensjonsordning for sine tilsette.

Skatt 

Overskotet i eit samvirkeføretak blir skattlagt med 22 %. Skatten blir betalt året etter inntektsåret i to terminar i løpet av første halvår.

Utbytte (ofte omtalt som etterbetaling) til medlemmer som er juridiske personar er som hovudregel fritatt skattlegging. Etterbetalinga er normalt skattepliktig hos personar når etterbetalinga er knytt til inntekter eller kostnader i verksemd eller annan skattepliktig inntektsgivande aktivitet.

Skatt for samvirksføretak (SA)

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva) er ei omsetningsavgift på varer og tenester. Enkelte varer og tenester er unntatte frå mva, eller har reduserte satsar. Eit samvirkeføretak som har hatt meirverdiavgiftspliktig omsetning på meir enn 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Rekneskap

Med næringsverksemd følger normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og sette desse i eit system. Samvirkeføretak vil i tillegg ha rekneskapsplikt ved ei årleg omsetning på meir enn 2 millionar kroner. Det inneber at selskapet årleg må levere årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. 

Samvirkeføretak med omsetning over kroner 7 millionar må ha revisor til å revidere årsrekneskapen.

Roller i samvirkeføretak

Årsmøtet er den øvste myndigheita til samvirkeføretaket. Medlemmene har møte- og stemmerett. Alle samvirkeføretak skal halde årsmøte årleg. Årsmøtet vel styret.

Styret skal bestå av minst tre personar, og møtast ved behov. Styret er ansvarleg for drifta og organiseringa av føretaket. Minimum halvparten av styremedlemmene må vere busette i Noreg eller i eit anna EØS-land. Det er styret som tilset dagleg leiar.

Løyve

Innanfor enkelte bransjar må ein ha løyve for å drive eiga næringsverksemd. Eksempel på dette er serveringsverksemd og reinhaldstenester.

Registrering og organisasjonsnummer

Registrering av samvirkeføretak skjer i Samordna registermelding i Altinn. 

Etter godkjent registrering får føretaket tildelt organisasjonsnummeret sitt.

 

Trenger du hjelp?

Ring oss og få gratis veiledning:

800 33 840