Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Skatt og avgift
  4. Skatt for samvirkeføretak (SA)

Skatt for samvirkeføretak (SA)

Eit samvirkeføretak (SA) er ei eiga juridisk eining. Det vil seie at føretaket sjølv er ansvarleg for å rapportere inn og betale skatt. Medlemmene (eigarane) betaler skatt av det dei tar ut i lønn.

Utrekning av skatt

Det skal reknast 22 prosent skatt av overskotet. Skatten, som blir kalla forskotsskatt, skal likevel ikkje betalast før året etter at overskotet er opptent.

For at selskap som er nyregistrert i oppteningsåret skal få utskriven skatt, må det sendast inn søknad om endring av/krav om forskotsskatt for upersonlege skattytarar. Søknaden blir send via Skatteetaten.no.

Ønsker du å endre forskotsskatten, for eksempel på grunn av endringar i inntektene, bruker du same søknadsløysing. For selskap som tidlegare har levert skattemelding blir forskotsskatten rekna ut på grunnlag av siste fastsetting.

Frådrag for etterbetaling

I vedtektene kan ein bestemme at heile eller delar av overskotet kan delast ut til medlemmene på bakgrunn av omsetninga deira med føretaket (etterbetaling). Følgande SA kan krevje frådrag i inntekta si for slike etterbetalingar til medlemmene sine: 

  • Forbrukarsamvirke med fast utsalsstad, når meir enn halvparten av den regulære omsetninga skjer til medlemmene i føretaket.
  • Innkjøpsføretak som fordeler forutbestilte varer blant medlemmene sine.
  • Føretak som utelukkande eller hovudsakeleg kjøper inn råemne eller driftsmiddel til bruk i jordbruk, skogbruk eller fiske, forhandlar produkt frå jordbruks-, skogbruks- eller fiskeriverksemd til medlemmene eller foredlar produkt frå jordbruks- eller fiskeriverksemd til medlemmene.

Føresetnaden for å få slikt frådrag er at

  • vedtektene gir heimel for etterbetaling,
  • mottakarane er medlemmer,
  • det ligg føre eit rekneskapsmessig årsoverskot og
  • utdelinga skjer på grunnlag av medlemmene si omsetning med føretaket.

Betaling

Skatten skal betalast i to like terminbeløp i løpet av første halvår året etter inntektsåret. Fristane er 15. februar og 15. april.

Dersom du reknar med at innbetalt skatt er for lågt i forhold til inntektene slik at du forventar restskatt, kan du innan 31. mai betale tilleggsforskot.

Oversikt over kor mykje som skal betalast i skatt, lbir send ut av Skatteetaten via Altinn i januar. Sørg for at kontaktinformasjonen til føretaket ditt er oppdatert i Altinn, slik at du kan få e-postvarsel.

Det blir sendt ut innbetalingsblankett med konto- og KID-nummer. Dersom du ønsker å betale tilleggsforskot, må du generere KID-nummer på Skatteetaten sine nettsider. Her finn du også riktig kontonummer.

Ved behandling av skattemeldinga blir eventuell restskatt utrekna, og du får i så fall tilsend innbetalingsblankett.

Rapportering

Skattemeldinga for føretaket skal sendast inn til Skatteetaten innan 31. mai. Alle samvirkeføretak skal sende skattemeldinga via rekneskaps- eller årsoppgjersprogram.

Samvirkeføretak:

  • utan omsetning i inntektsåret, eller
  • som blei stifta mot slutten av inntektsåret,

må sende inn skattemelding.

Samvirkeføretak som eig aksjar i anna selskap

Samvirkeføretak som eig aksjar i anna selskap vert som hovudregel fritatte for skattlegging av gevinstar og utbyte på aksjar (fritaksmetoden). Dette gjeld innanfor EØS, og normalskatteland utanfor EØS. Tap gir tilsvarande ikkje rett til frådrag.

Det er likevel ein sjablongregel som inneber at tre prosent av inntektene som er fritatte for skatteplikt etter fritaksmetoden, likevel skal reknast som skattepliktig inntekt.

Sjablongregelen omfattar berre utbytte og utdeling. Gevinstar ved realisasjon av aksjar blir dermed ikkje omfatta av treprosentregelen. Heller ikkje gevinst og utbytte i konsernforhold innanfor EØS (skattemessig konsern) skal omfattast, noko som medfører at det ikkje skal reknast skatt av slike gevinstar.