Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Arbeidsforhold
  4. Arbeidsgivaravgift

Arbeidsgivaravgift

Som arbeidsgivar har du ansvar for å rekne ut og betale inn arbeidsgivaravgift.

Soner for differensiert arbeidsgivaravgift

Dei enkelte kommunane er plasserte i ulike soner med tilhøyrande differensierte avgiftssatsar. Satsen for utrekninga av arbeidsgjevaravgift varierer mellom 0 og 14,1 prosent, alt etter kor i landet verksemda er lokalisert. Grunnlaget for utrekninga er i utgangspunktet brutto lønn.
Dersom du driv verksemder i fleire kommunar skal du som hovudregel rekne ut arbeidsgivaravgift etter satsen som gjeld i den kommunen verksemda er registrert.

Dersom du er tilsett i eige aksjeselskap skal det også reknast ut og betalast arbeidsgivaravgift av eiga lønn.
Innehavarar av enkeltpersonføretak skal likevel ikkje rekne ut arbeidsgivaravgift av sitt eller ektefellen sitt private uttak.

Rapportering og betaling

Arbeidsgivaravgift skal innbetalast seks gonger i året. Grunnlaget for betalinga finn du i a-meldinga som du plikter å rapportere den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller andre godtgjersler. Det blir ikkje sendt ut eit eige krav frå skattemyndigheitene.

Kontakt og hjelp: