Høgare minstelønn frå 15. juni
Frå 15. juni 2025 er det nye satsar for minstelønn. Satsane gjeld alle arbeidstakarar som arbeider innanfor dei ni bransjane der det er innført minstelønn.
Allmenngjering av lønn betyr at lønns- og arbeidsvilkåra i ei landsomfattande tariffavtale skal gjelde for alle arbeidstakarar i ein bestemt bransje eller sektor, uavhengig av om dei er organiserte i ei fagforeining eller ikkje. Det er arbeidsgivaren som har ansvaret for at lønna til arbeidstakarane er minst like høg som dei allmenngjorde satsane.
Sjå satsane som gjeld frå 15. juni 2025
Varebilsjåførar skal også ha minstelønn
Nytt av året er at også varebilsjåførar har krav på minstelønn. Tidlegare har dette vore eit krav for køyretøy over 3,5 tonn, som vi ofte kallar for tungtransport. Frå 1. juni kom det krav om minstelønn (allmenngjering) også for køyretøy frå 2,5 tonn,
Les nyhetssak om minstelønn for varebilsjåførar
Arbeidstilsynet kontrollerer
Arbeidstilsynet fører tilsyn med at verksemdene følger reglane om allmenngjering. Dei gjeld for både norske og utanlandske arbeidstakarar.
Dersom vi finn brot, kan vi nytte dei ordinære verkemidla våre som pålegg, stans, tvangsmulkt og straffegebyr.