Omsetning, kostnader og investeringar i næringslivet (Sjøfart utanriks, RA-0481)
Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal i hovudsak gi opplysningar om omsetning, kostnader og investeringar fordelte på den enkelte verksemda. Opplysningane blir nytta til å lage statistikk som belyser den økonomiske aktiviteten i ulike næringar.
Kor ofte skal skjemaet sendast inn?
Årleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Kven skal sende inn skjemaet?
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsførar med signeringsrett», «Rekneskapsførar utan signeringsrett», «Ansvarleg revisor», «Rekneskap og økonomirapportering» eller «Sjøfart». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Korleis finne skjemaet?
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".
Aktuelt regelverk
Meir informasjon finn du her