Organisasjonsnummer

Alle som driv næringsverksemd får tildelt to organisasjonsnummer når dei registrerer verksemda i Einingsregisteret. Det er berre organisasjonsnummeret for hovudeininga som skal brukast ut mot kundar og leverandørar.


Organisasjonsnummer for hovudeininga

Organisasjonsnummeret for hovudeininga skal brukast på verksemda si heimeside, i kontakt med kundar og leverandørar, og på alle forretnings- og salsdokument. Organisasjonsnummeret for hovudeininga skal også brukast i rapportering som gjeld sjølve verksemda. Det er dette nummeret som kjem opp ved å søke på namn i søkefeltet "Finn verksemd" på brreg.no

Brønnøysundregistera — finn verksemd

Brønnøysundregistera om organisasjonsnummeret

Opprette fleire undereiningar

Du får tildelt eit organisasjonsnummer når verksemda di er registrert.

Organisasjonsnummer for undereininga

Alle som driv næringsverksemd og/eller har meld at dei skal ha tilsette, skal ha ei tilknytt undereining, med tilhøyrande organisasjonsnummer. Sjølv om det ikkje er tilsette eller andre det skal betalast lønn eller honorar til i dag, ligg undereininga klar om det skulle bli behov for dette i framtida. Derfor får dei fleste verksemder ei undereining ved nyregistrering.

Dei som driv aktivitet på fleire geografiske stader og/eller i ulike bransjar, har som regel ei undereining med tilhøyrande organisasjonsnummer for kvar av desse. Du finn oversikt over undereiningar ved å søke på "Finn verksemd", gå inn på sida til den aktuelle verksemda og vel "Oversikt over registrerte undereiningar". Organisasjonsnummeret for undereininga blir blant anna brukt ved innsending av a-melding.

Brønnøysundregistera — finn verksemd

Brønnøysundregistera om undereining

Opprette fleire verksemder/undereiningar

Om verksemda driv aktivitet på fleire stader, eller driv aktivitet av stort omfang i ulike bransjar, med minst 5 tilsette i kvar bransje, skal det registrerast skal det registrerast ei undereining for kvar geografiske stad/kvar bransje. Dette gjer du ved å bruke "Skjema for undereiningar - aktivitet på fleire adresser". Du må sende inn skjemaet som vedlegg til skjemaet Samordna registermelding, per e-post eller post. Adressene finn du nedst på skjemaet.

Samordna registermelding – skjema for undereiningar – aktivitet på fleire adresser

Brønnøysundregistera – registrere fleire undereiningar

Åpne kontaktskjema