Rekneskapsplikt

Rekneskapsplikt betyr at du må utarbeida og levera ein årsrekneskap til Rekneskapsregisteret.


Berre bokføringspliktig?

Ei verksemd er enten berre bokføringspliktig, eller både bokføringspliktig og rekneskapspliktig. Dette avheng av organisasjonsforma og storleiken på omsetninga. Dei verksemdene som berre er bokføringspliktige treng ikkje å lage ein årsrekneskap som skal sendast til Rekneskapsregisteret. Ei verksemd som berre er bokføringspliktig må likevel føre ein rekneskap etter bokføringsreglane. Dette blir brukt som grunnlag for utfylling av næringsoppgåva til Skatteetaten.

Kva er rekneskapsplikt?

Ei verksemd som har rekneskapsplikt må utarbeide ein årsrekneskap som minst består av resultat, balanse og notar. Større verksemder må også utarbeide ei årsmelding. Årsrekneskapen skal sendast til Rekneskapsregisteret på skjema for årsrekneskap i Altinn og vil vere offentleg tilgjengeleg for dei som ønsker innsyn. Innsending av årsrekneskapen må gjerast i tillegg til innsending av skattemeldinga til Skatteetaten.

Kven er rekneskapspliktig?

Det er organisasjonsforma og storleiken på verksemda som avgjer om ho er rekneskapspliktig. Alle aksjeselskap er for eksempel rekneskapspliktige. Små enkeltpersonføretak har normalt ikkje rekneskapsplikt. Nokre bransjar har også rekneskapsplikt uavhengig av organisasjonsforma. Dette gjeld for eksempel rekneskapsførarar og revisorar.

Brønnøysundregistera om rekneskapsplikt

Rekneskapslova

Rekneskapslova om årsrekneskap og årsmelding

Åpne kontaktskjema