Føretakskategoriar og storleiksgrenser

Rekneskapslova omtalar fire ulike føretakskategoriar. Dei fleste aksjeselskap er små føretak eller mikroføretak.


Rekneskapslova omtaler fleire føretakskategoriar og tilhøyrande storleiksgrenser

Kategori: Storleiksgrenser:
Mikroføretak 

Under to av følgande tre grenser i føretaket eller konsernet:

  • Balansesum: 5 millionar kroner
  • Salsinntekter: 10 millionar kroner
  • Tilsette: 10 årsverk
Små føretak/konsern 

Under to av følgande tre grenser i føretaket eller konsernet:  

  • Balansesum: 84 millionar kroner
  • Salsinntekter: 168 millionar kroner
  • Tilsette: 50 årsverk 
Mellomstore føretak/konsern 

Under to av følgande tre grenser i føretaket eller konsernet:  

  • Balansesum: 290 millionar kroner 
  • Salsinntekter: 580 millionar kroner
  • Tilsette: 250 årsverk 
Store foretak/konsern  

Over to av følgende tre grenser i foretaket eller konsernet:   

  • Balansesum: 290 millioner kroner  
  • Salgsinntekter: 580 millioner kroner  
  • Ansatte: 250 årsverk  

Konsern  

Morselskap i konsern skal berekne grensene på konsernnivå.

Rekneskapslova om føretakskategoriar

Brønnøysundregistera om føretakskategoriar og storleiksgrenser

Mer om reglane for små føretak og mikroføretak  

Auka grenser for små føretak gjeld frå og med rekneskapsåret 2024. Kategorien omfattar rekneskapspliktige føretak som to år på rad oppfyller minst to av følgande tre krav:

  • Salsinntekter er mindre enn 168 millionar kroner.
  • Balansesum (summen av eigedelane i balansen) er mindre enn 84 millionar kroner.
  • Færre enn 50 tilsette målt i gjennomsnittleg tal årsverk i rekneskapsåret.


Det er verdien ved utgangen av rekneskapsåret (vanlegvis 31.12.) som skal leggast til grunn, men tala må vere over grensa to år på rad for å endre kategorien til føretaket. Kategorien blir endra frå og med det andre året. For nystarta føretak skal grensene ved utgangen av det første rekneskapsåret leggast til grunn.

Små føretak har til dømes forenkla krav til notar og treng ikkje utarbeide årsmelding eller kontantstrømoppstilling. Det er utarbeidd ein eigen rekneskapsstandard for små føretak (NRS 8).

Rekneskapsstiftinga – NBS 8 – God regnskapsskikk for små føretak

Rekneskapslova om føretakskategoriar

Om overgangsreglane

Åpne kontaktskjema