Må eg ha revisor?
Alle som er pliktige til å revidere årsrekneskapen må ha ein revisor. Om du har revisjonsplikt er blant anna avhengig av kva for organisasjonsform du har og storleiken på verksemda.
Om revisjonsplikt
Nokre bransjar har revisjonsplikt gjennom særreglar. Alle føretak som er underlagt tilsyn av Finanstilsynet har revisjonsplikt uansett organisasjonsform.
Revisjon er ein kontroll og ei gransking av rekneskapen din. Er du revisjonspliktig må du velje eit revisjonsføretak til å utføre denne kontrollen. Etter gjennomgangen skal revisoren lage ei revisjonsmelding som skal sendast inn saman med årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret. Dersom revisoren har merknader, skal det kome fram i denne revisjonsmeldinga.
Revisoren skal ikkje ha noko tilknyting til verksemda ut over å vere revisor. Revisorlova stiller strenge krav til sjølvstende. Har du for eksempel ein bror som er revisor, kan han ikkje vere revisor for verksemda di.
Revisorloven om krav til uavhengighet
Søk etter godkjent revisjonsføretak
Revisjonsplikt, unntak og fråval
Små aksjeselskap treng vanlegvis ikkje å ha revisor. Dei kan velje at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast. Dette vert kalla fråval av revisjon.
Aksjeselskapet kan velje bort revisjon dersom:
- driftsinntektene er mindre enn 7 millionar kroner, og
- balansesummen er mindre enn 27 millionar kroner, og
- gjennomsnittleg tal på tilsette er under 10 årsverk
Fråval av revisjon i AS
Nye selskap
Dersom det i stiftelsesdokumentet ikkje vert valt revisor, skal ikkje årsrekneskapen reviderast. Det vert då automatisk rekna som at aksjeselskapet har valt bort revisjon.
Eksisterande aksjeselskap
Ved fråval av revisjon i eksisterande selskap vert føregåande årsrekneskap bruka som grunnlag for vurderinga. Viser årsrekneskapen at aksjeselskapet er under grensene, kan generalforsamlinga vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast, og aksjeselskapet kan seie opp revisoren. Fråval av revisjon melder ein på skjemaet Samordna registermelding i Altinn, og er gyldig når det er registrert i Føretaksregisteret.
Aksjelova om fråval av revisjon
Brønnøysundregistera om fråval av revisjon
Forskrift om terskelverdier for beslutning om å unnlate revisjon etter aksjeloven
Morselskap i konsern
Eit aksjeselskap som er morselskap i konsern kan vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast, når vilkåra for terskelverdiane er oppfylte for konsernet sett som ein heilskap.
For å reknast som eit morselskap må du ha bestemmande innverknad over ei anna verksemd, anten som eigar av aksjar eller delar, eller i avtale.
Aksjeloven – definisjon av konsern
Eksempel
Eksempelbedrifta AS starta opp i 2022. Bedrifta har inntekter på under 6 millionar dei første åra, og tilfredsstiller elles krava for å kunne velje bort revisjon. Dei har vald å nytte seg av moglegheita, og har vald bort revisjon av årsrekneskapen.
I år 2023 får dei ein ekstraordinær stor leveranse, og har 8 millionar kroner i inntekter dette året. Det betyr at dei blir revisjonspliktige for det påfølgjande året, altså for året 2024.
I 2024 omset dei for 6 millionar, men må likevel revidere rekneskapen i og med at det er førre års rekneskap (2023) som vert lagd til grunn.
I 2025 melder dei igjen fråval av revisjon, på bakgrunn av at inntektene for 2024 er under grensa.
Enkeltpersonføretak har normalt ikkje revisjonsplikt.
Revisjonsplikta trer inn når føretaket er rekneskapspliktig, og ein av desse føresetnadene i tillegg er oppfylt:
- Driftsinntektene er over 7 millionar kroner
- Balansen viser eigedelar over 27 millionar, eller
- Gjennomsnittleg tal på tilsette er over 10 årsverk
Når grensene vert passerte og verksemda blir revisjonspliktig, inntrer revisjonsplikta neste rekneskapsår.
Enkeltpersonføretak som er underlagt tilsyn av Finanstilsynet er alltid revisjonspliktig. Det same gjeld enkeltpersonføretak som driv advokatverksemd. Dette gjeld uavhengig av terskelverdiane.
Små ansvarlege selskap har vanlegvis ikkje revisjonsplikt.
Revisjonsplikt trer inn når føretaket er regnskapspliktig, og ein av desse føresetnadene i tillegg er oppfylte:
- Driftsinntektene er over 7 millionar kroner
- Balansen viser eigedelar over 27 millionar, eller
- Gjennomsnittlig tal tilsette er over 10 årsverk
Når grensene vert passerte og verksemda blir revisjonspliktig, inntrer revisjonsplikta neste rekneskapsår.
Ansvarlege selskap som er underlagt tilsyn frå Finanstilsynet er revisjonspliktige. Det same gjeld ansvarlege selskap som driv advokatverksemd. Dette gjeld uavhengig av terskelverdiane.
Eit samvirkeføretak blir revisjonspliktig når føretaket er regnskapspliktig, og ein av desse føresetnadene i tillegg er oppfylte:
- Driftsinntektene er over 7 millionar kroner
- Balansen viser eigedelar over 27 millionar, eller
- Gjennomsnittlig tal tilsette er over 10 årsverk
Når grensene vert passerte og verksemda blir revisjonspliktig, inntrer revisjonsplikta neste rekneskapsår.
Samvirkeføretak som er underlagt tilsyn fra Finanstilsynet er revisjonspliktige. Dette gjeld uavhengig av terskelverdiane.
Brønnøysundregistera - kven har rekneskapsplikt?
Eksempel
Fellesblomster SA vart oppretta i 2021. Det første året har samvirkeføretaket ei inntekt på 3,5 millionar. Grensa for revisjonsplikt var då 5 millionar (frå 1.5.2023 - 7 millionar), og samvirkeføretaket har derfor ikkje revisjonsplikt.
I 2023 får dei ein stor ordre og inntektene aukar til 7,5 millionar kroner. Grensa for revisjonsplikt vert passert. Det betyr at samvirkeføretaket vert revisjonspliktig det påfølgjande året (2024).
I 2024 fell inntektene til 4,5 millionar kroner. Revisjonsplikta fell då bort frå og med 2025 i og med at inntektene er under grensa for revisjonsplikt.
Eit NUF som er skattepliktig til Noreg har revisjonsplikt når ein av desse føresetnadene er oppfylte:
- Driftsinntektene er over 6 millionar kroner
- Balansen viser eigedelar over 23 millionar, eller
- Gjennomsnittlig tal tilsette er over 10 årsverk
Revisjonsplikt kan òg følgja av anna lov eller forskrift.
Når inntrer revisjonsplikta og når fell ho bort?
Når grensene vert passerte og verksemda blir revisjonspliktig, inntrer revisjonsplikta neste rekneskapsår.
Brønnøysundregistera - kven har rekneskapsplikt?
Revisorstadfesting
Ver merksam på at sjølv om verksemda di ikkje har plikt til å revidere årsrekneskapen, kan enkelte hendingar krevje ein særskild attestasjon avgitt av revisor ("revisorstadfesting").
For eksempel krev aksjelova at ein revisor skal stadfeste innskoten kapital i eit aksjeselskap dersom aksjeinnskotet vert gjort med andre eigedelar enn pengar. Dette gjeld både ved stiftelse av aksjeselskapet og eventuelt seinare kapitalauke. Ulike støtteordningar kan òg krevja revisorstadfesting.