Unngå unødvendige gebyrer

Å drive ei verksemd inneber ansvar for å levere fleire rapporteringar til styresmaktene innan ulike fristar. Manglande etterleving av desse fristane kan kosta deg dyrt.


Overhald rapporteringspliktene

Når du driv di eiga verksemd i Noreg, er det avgjerande at du har kontroll på alle rapporteringspliktene.  

Sjølv om verksemda har vore inaktiv, må du sende inn opplysningar til styresmaktene innan fristane. Unnlating av dette kan føre til unødvendige kostnader i form av betydelege gebyr, som du kan bli personleg ansvarlege for.

Gode rutinar er nøkkelen 

For å unngå unødvendige gebyr, er det viktig at du har etablert gode rutinar for økonomistyring og rapportering. Det er ditt ansvar å sørge for at alle rapporteringsplikter blir overhaldne innan fristane.

Bruk kalendrar med påminningar om viktige fristar, eller vurder å investere i rekneskapsprogramvare som varslar deg når det nærmar seg ein rapporteringsfrist. Du kan sjå nokre av dei mest sentrale fristane for verksemda di ved å logga inn på "Mi side" hos Skatteetaten eller sjå "Rapporteringsplikter" hos Brønnøysundregistera.

"Mi side" hos Skatteetaten

"Mine rapporteringsplikter" hos Brønnøysundregistera

Utsetjing på innlevering av skattemeldinga til Skatteetaten

Det er mogleg å søke om å få ein månad utsetjing på innlevering av skattemeldinga for næringsdrivande til Skatteetaten. For å få innvilga utsetjing, må det søkast om dette før den opphavlege fristen går ut 31. mai. 

Skatteetaten – søk om utsett leveringsfrist

Fristen for årsrekneskapen til Brønnøysundregistera må overhaldast

Rekneskapspliktige verksemder kan ikkje søke om utsetjing for innsending av årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret. Verksemder som har fått utsett frist for innlevering av skattemeldinga til Skatteetaten må likevel levere årsrekneskapen innan fristen til Brønnøysundregistera. Sjølv om det i rekneskapsåret ikkje har vore drift eller aktivitet i verksemda må årsrekneskapen uansett blir send inn innan fristen 31. juli.

Gebyr ved for sen eller ikkje riktig rapportering til Skatteetaten 

Skatteetaten kan gi tvangsmulkt (bot eller gebyr) dersom verksemda di ikkje overheld fristane for innlevering av mellom anna skattemeldinga, mva-meldinga og a-meldinga. Tvangsmulkt er ei døgnmulkt som spring til verksemda leverer opplysningane som Skatteetaten ber om. Storleiken på tvangsmulkta varierer. Du kan klage på vedtaket om tvangsmulkt, men du må uansett betale medan klagesaka er under behandling.  

Skatteetaten om tvangsmulkt

Viss du leverer feilaktige eller ufullstendige opplysningar i skattemeldinga for verksemda, kan du bli gitt tilleggsskatt. 

Skatteetaten kan òg gi lovbrotsgebyr. Eksempelvis kan et slikt gebyr komme via du som arbeidsgivar i visse bransjar ikkje kan framleggje korrekte personallister ved kontroll.

Skatteetaten om fristar, gebyr og tilleggsskatt

Forseinkingsgebyr frå Rekneskapsregisteret

Alle innsendingspliktige verksemder skal sende komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret seinast 31. juli. Fristen kan ikkje utsetjast. Dersom verksemda di ikkje leverer dette innan fristen, vil det automatisk komme eit forseinkingsgebyr og du kan ikkje klaga på det. Viss verksemda ikkje sender inn komplett årsrekneskap, kan forseinkingsgebyret bli opp til 66 404 kroner (2024). Du kan bli personleg ansvarleg for å betale gebyret viss verksemda ikkje betaler.

Brønnøysundregistera om forseinkingsgebyr

Viss komplett årsrekneskap ikkje er sendt til Rekneskapsregisteret seinast seks månader etter innsendingsfristen, kan føretaket bli tvangsoppløyst.

Brønnøysundregistera om tvangsoppløysing

Åpne kontaktskjema