Sletting av eit norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)

Dersom det ikkje lenger er behov for organisasjonsnummer i Noreg, skal avdelinga i Noreg slettast. Inntil det blir meldt frå om sletting vil myndigheitene legge til grunn at det blir drive ei verksemd som det skal rapporterast om, og ein må framleis svare på lovpålagde oppgåver og skjema.


Normalt blir eit NUF sletta fordi ein ikkje lenger ønskjer å ha verksemd i Noreg eller fordi næringsverksemda i utlandet er lagd ned.

Styre

Det er styret i den utanlandske verksemda eller eit anna kompetent organ som vedtar nedlegging av avdelinga i Noreg. Er det ennå registrert tilsette i avviklingsperioden, må du sørge for at alle arbeidsforhold er registrerte med ein sluttdato. Dette blir gjort i a-meldinga.

Meld frå til Skatteetaten

Ved sletting av ei norsk avdeling som er skattepliktig i Noreg

Er det berre avdelinga i Noreg som blir sletta, og ikkje selskapet i utlandet, skjer det endelege oppgjeret av skatt gjennom det ordinære skatteoppgjeret året etter inntektsåret. Selskapet kan likevel velje å sende inn skattemeldinga på tidspunktet for avviklinga av verksemda i Noreg.

Skatteetaten — Vegvisar til korleis du avsluttar verksemda di

Ved oppløysing og sletting av det utanlandske selskapet i heimlandet

Det utanlandske selskapet må før oppløysing og sletting i heimlandet krevje førehandsfastsetting for den norske avdelinga. Dette skal gjerast før avdelinga i Noreg blir sletta frå Einingsregisteret.

Skatteetaten – melding om førehandsfastsetting

Førehandsfastsetting blir kravd gjennom innsending av skattemeldinga og skal sendast inn når avviklinga av den norske avdelinga er ferdigstiltdet vil seie når alle pliktene er gjort opp, alle eigedelar er realisert og gevinst og tap er gjort greie for.

Skatteforvaltningsforskrifta om plikt til førehandsfastsetjing

Meld frå til Brønnøysundregistera

For NUF som er registrerte i Einingsregisteret eller Føretaksregisteret, melder ein sletting til Brønnøysundregistera ved å sende inn skjemaet Samordna registermelding.

For føretak som er registrerte i Føretaksregisteret vil det ikkje vere mogleg å bruke elektronisk skjema dersom det ikkje er registrert personar med ei rolle i den norske avdelinga. Eksempel på roller er dagleg leiar, norsk representant og personar med signatur. Har avdelinga ingen roller registrerte, må ein bruke  papirskjema.

Brønnøysundregistera om sletting av NUF

Skatteetaten om avslutning av NUF

Brønnøysundregistera - skjema for sletting

Ved innsending av skjemaet må du leggje ved protokoll frå kompetent organ (for eksempel generalforsamling, styre eller anna vedtaksorgan) som viser vedtak om sletting. Alternativt må det leggast ved ei stadfesting på sletting frå heimlandet som viser at den utanlandske verksemda er sletta.

For NUF som berre er registrerte i Einingsregisteret, må meldinga signerast av dagleg leiar, kontaktperson eller representanten i Noreg.

For NUF som er registrert i Føretaksregisteret kan elektronisk skjema signerast av styre, dagleg leiar, norsk representant eller person registrert med signatur. Når det blir brukt papirskjema kan dette signerast av styret for avdelinga, dagleg leiar for avdelinga eller signaturrettshavar.

Føretaksregisterlova om plikt til å melde sletting av føretaket

Dersom den utanlandske verksemda eksisterer når den norske avdelinga blir lagd ned, vil ho vere ansvarleg for forpliktingar oppståtte i den norske avdelinga.

Oppbevaring av rekneskapsmateriale

Kravet i bokføringslova om å oppbevare rekneskapsmateriale i 5 år gjeld også etter sletting av avdelinga i Noreg.

Kva kostar det?

Det er gratis å melde sletting av avdelinga i Noreg.

Åpne kontaktskjema