Verneombod

Ved alle verksemder som har arbeidstakarar, skal det bli valt eit verneombod. Verneombodet skal ivareta arbeidstakaranes interesser i saker som gjeld arbeidsmiljøet. Verneombodet skal vera med på råd under planlegging og gjennomføring av tiltak som har betydning innanfor ombodets verneområde, og skal delta ved Arbeidstilsynet sine inspeksjonar i verksemda.


Krav om verneombod

Alle verksemder som har arbeidstakarar skal ha verneombod. I verksemder med mindre enn fem arbeidstakarar kan partane skriftleg avtale ei anna ordning. I verksemder med meir enn ti arbeidstakarar kan fleire verneombod bli valt.

Opplæring av verneombod

Arbeidsgivar skal sørge for at verneombod får den opplæringa som er nødvendig for å kunne utføre vervet på ein forsvarleg måte. Opplærings si varigheit skal som hovudregel vere minst 40 timar. Verneombod skal få nødvendig tid til å utføre vernearbeidet på ein forsvarleg måte. Vernearbeid som må bli utført ut over den alminnelege arbeidstida, skal bli godtgjort som overtidsarbeid. Arbeidsgivar skal sørge for at verv som verneombod ikkje medfører inntektstap for verneombodet eller på annan måte førar til at verneombodet sitt arbeids- eller tilsetjingsvilkår ringast.

Arbeidstilsynet om verneombodet sine oppgåver og roller

Arbeidsmiljøloven om verneombod

Regionale verneombod i bygg- og anleggsverksemder

Alle verksemder i bygge- og anleggsnæringa, også verksemder av berre ein person, blir omfatta av ei ordning med regionale verneombod (RVO). Alle verksemder med aktivitet innan bygg og anlegg må innbetale ei årleg avgift.

RVO gjer umelde besøk til bygge- og anleggsplassar, og jobbar primært på arbeidsplassar utan valte verneombod. Inntil verneombod er valt for arbeidsplassen, har RVO same myndigheit som eit ordinært verneombod. RVO påpeker manglar, informerer om regelverk og foreslår løysningar på spørsmål om arbeidsmiljø i samråd med verksemda og dei tilsette.

RVO - regionale verneombod i bygge- og anleggsbransjen

Regionale verneombod i hotell-, restaurant- og reinhaldsbransjen

Alle verksemder i hotell-, restaurant- og reinhaldsbransjenblir omfatta av ei ordning med regionale verneombod (RVO), og må betlae ei årleg avgift for dette.

Ordninga gjeld:

  • Alle som må ha serveringsløyve
  • Alle som må ha skjenkjeløyve
  • Alle som må vere godkjend i reinhaldsregisteret
  • Alle som tilbyr overnatting
  • Alle som leig ut arbeidstakarar i bransjane nemnt over (bemanningsbyrå)

Ordninga gjeld for alle verksemder, både små og store, og enkeltpersonføretak.

RVO besøkjer små og mellomstore verksemder innan overnatting, servering og reinhald, og bidrar med råd og rettleiing om systematisk HMS-arbeid. Dei bidrar til at det blir oppretta verneteneste der det ikkje er etablert, og trer ved behov inn i rolla som verneombod.

RVO - regionale verneombod i hotell- restaurant- og reinhaldsbransjen

 

Kontakt og hjelp:

Arbeidstilsynet

Åpne kontaktskjema