Potet- og grovfôravlingar (RA-0433)
Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om tilsådd og hausta areal, avling av eng og andre grovfôrvekstar og potet og korn til krossing. Opplysningane blir nytta til å utarbeide offisiell statistikk til bruk både innanfor privat og offentleg forvaltning, samfunnsplanlegging, forsking og rettleiing.
Årleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Jordbruk», «Rapportering av statistikk», Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».
Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».
Spørsmål om skjemaet?
Meir informasjon finn du her