Godstransport på kysten (RA-0438)
Eigarar/operatørar av laste- og lossestader langs kysten som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om godsomslag og talet på passasjerar. Opplysningane blir nytta til å vise omfang og utvikling av gods- og passasjertransport på sjø, mellom norske hamner og mellom norske og utanlandske hamner.
Årleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane:«Sjøfart», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
Skjemaet blir for dei fleste av rapportørane lagt ut i føretakets innboks, men føretak/kommunar med fleire undereiningar der hamna inngår som ei av desse (med eige organisasjonsnummer) vil finna skjemaet i den respektive hamneeininga sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».
Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».
Spørsmål om skjemaet?
Meir informasjon finn du her