Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Elektrisitetsprisar i sluttbrukarmarknaden (RA-0483)

Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om kor mykje el-kraft dei har selt, og til kva gjennomsnittspris. Opplysningane blir nytta til å vise eit tverrsnitt av prisane i kraftmarknaden og gir opplysningar om den faktiske prisutviklinga.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Kvartalsvis.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Elektrisitet: produsere, overføre og distribuere», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett»  eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).

Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».

Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».

 

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her.

Tilgjengelegheitserklæring