Næringsinntekt skattlagt i utlandet (RF-1149) Vedlegg
Om vedleggskjemaet
Du har same frist for å levere RF-1149 som sjølvmeldinga eller selskapsoppgåva.
Tilleggsskjemaet skal fyllast ut av einpersonsføretak, deltakarlikna selskap og aksjeselskap mv. som krev frådrag i norsk skatt for betalt skatt i utlandet for næringsverksemd i utlandet, og som leverer Næringsoppgåve 1 (RF-1175), Næringsoppgåve 2 (RF-1167), Næringsoppgåve 3 (RF-1170), Næringsoppgåve 4 (RF-1173) eller Næringsoppgåve for biletkunstnar (RF-1242). Det skal fyllast ut eit tilleggsskjema for kvar næringsverksemd. Tilleggsskjemaet skal leverast saman med skjemaet Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF-1147) eller skjemaet Frådrag for skatt betalt i utlandet av selskap – kreditfrådrag (RF-1145).
Det er gjeve rettar for utfylling og signering til innehavar, dagleg leiar, styreleiar, deltakar, og til rekneskapsførar som er registrert i Einingsregisteret. Revisor har fått rett til utfylling og revisor signatur.
Dette vedleggsskjemaet kan du leggje ved følgjande skjema :
- 
                                
                                    Skattemelding for formues- og inntektsskatt - aksjeselskap mv. (RF-1028)
 - 
                                
                                    Selskapsmelding for NOKUS (RF-1245)
 - 
                                
                                    Skattemelding for formue- og inntektsskatt – personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030)
 - 
                                
                                    Selskapsmelding for selskap med deltakarfastsetjing (RF-1215)
 - 
                                
                                    Skattemelding for selskap som omfattes av petroleumsskatteloven § 1 (RF-1323)
 
Trenger du hjelp?
Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000