Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Kostpris for landbrukseigedom (RF-1013)Vedlegg

Dette vedleggsskjemaet kan du leggje ved følgjande skjema :

Når skal skjemaet brukast?

Eigarskifte - Ved overtaking av landbrukseigedom.

Du har same frist for å levere RF-1013 som skattemelding for formues- og inntektsskatt eller selskapsmeldinga.

Kven skal bruke skjemaet?

Kostprisoppgåva med rettleiing er i fyrste rekkje fastsett til bruk ved oppsetjing av første gongs balanse i samband med overtaking av jordbruk, gartneri eller skogbruk med tilhøyrande attåtnæringar. Skjemaet skal brukast av alle jord-, hage- og skogbrukarar som tek over slik eigedom, uavhengig av om vedkomande blir rekneskapspliktig eller bokføringspliktig.  Skjemaet skal brukast både ved kjøp i fri handel og ved gåvesal.

Kva skal eg leggje ved?

Du trenger ikkje å legge ved kopiar av takst, brannforsikringspolise, skjøte, kårkontrakt, ev. skifteoppgjer, men so langt slike dokument føreligg, må kopiane kunne innleverast til skattemyndigheitene. Det same gjeld for kvitteringskopiar for kjøpsutgifter.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Rekne ut kostpris ved overtaking av landbrukseigedom, og ha ein skjemamessig dokumentasjon på fyrste gongs balanse.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000