Skatteetaten har no laga ei ny løysing for henting av skattekort for arbeidsgivarar utan lønnssystem.
Den nye løysinga finn du her.
Du vil i ei overgangsperiode fram til 1. mars også kunne nytte RF-1307 for henting av skattekort.
Heile året.
Skjemaet skal brukast av:
Du kan anten representere ei juridisk eining (føretak/bedrift) eller ein privatperson for å kunne bruke dette skjemaet
Tenesta er tilgjengeleg for alle arbeidsgjevarar.
Er du personleg arbeidsgivar, loggar du deg på Altinn som deg sjølv og treng ingen Altinn-roller.
Dersom du skal hente skattekort på vegner av ein arbeidsgivar, loggar du på som deg sjølv og vel den arbeidsgivaren du skal representere i nedtrekkslista. Du treng ei av desse Altinn-rollene for å bruke skjema og lese svaret i 'innboksen'
Du kan sjå kva for roller du har på sida Profil.
Dersom du ikkje har ei av desse rollene, må du få ei av rollene delegert til deg av dagleg leiar, styreleiar eller innehavar.
Skjemaet Skattekort til arbeidsgivar (RF-1307) skal fyllast ut og sendast inn for å hente skattekort utan å gå via lønssystemet. Organisasjonar kan hente skattekort for opptil ti tilsette om gongen. Personlege arbeidsgjevarar kan hente skattekort for opptil fire tilsette.
Før du sender inn skjema, må du oppgi e-post og/eller sms som vi kan varsle deg på ved skattekortendringar.
Skjemaet gir deg to val, hente nye skattekort eller berre hente endra skattekort.
Hente nye skattekort
Ved byrjinga av året må du hente skattekort for alle dei tilsette på nytt. Du må ha fødselsnummeret til den tilsette for å hente nye skattekort.
Endra skattekort
Dersom nokon av dei du har henta skattekort for endrar dette i løpet av året, vil du få ei melding på e-post/sms og i 'innboksen'. Du kan då velje å berre hente endra skattekort.
Tilbakemelding i "innboksen"
Skattekortopplysningane finn du i "innboksen" etter at du har sendt inn bestillinga. Du vil få tilbake ein tabell med skattekortopplysningar for alle gyldige fødselsnummer frå skjemaet som er sendt inn. Dette skjer som regel med ein gong, men kan ved einskilde høve ta inntil ein halv time.
Skattekort til arbeidsgivar RF-1307
Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.
Telefon 800 80 000