Bruk dette skjemaet dersom du skal søkje om einerett til eit varemerke. Dersom du ønskjer raskare saksbehandling, eller dersom du søkjer einerett til varemerke for første gong, tilrår vi deg å følgje denne lenka for meir informasjon og eige søknadsskjema. Eit varemerke er eit namn, ein logo eller eit anna kjenneteikn som du kan bruke for å skilje varene og tenestene dine frå andre sine varer og tenester.

Start teneste

Om denne tenesta

Eit varemerke er eit middel til å skilje varene dine frå andre sine varer, blant anna i samband med marknadsføring og omsetning. Merket kan bestå av ulike element, f.eks. ord, figur/logo, ein kombinasjon av ord og figur, eller andre kjenneteikn.

Dersom den som søkjer er representert ved ein fullmektig, kan denne sende inn søknaden på vegner av søkjaren. Innsendaren vil også bli registrert som avsendar av søknaden i samsvar med «arkivlova».
Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design.

Korleis gje rettar til andre

Betaling og kvittering
Skjemaet gir deg høve til å betale søknadsgebyret ved levering. Kvittering for betalinga finn du på Altinn si kvitteringside som kjem opp når du har levert søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til din eigen PC.
Søknaden din blir offentleg
Søknaden din og alle dokument knytte til den vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.

Treng du hjelp?

Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.
Telefon: +47 22 38 73 00
E-post: post@patentstyret.no

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema