Skjemaet er for deg som betaler lønn til personar som utfører arbeid i bustaden eller fritidseigedomen din.
Denne tenesten er erstattet av en ny teneste på skatteetaten.no. Denne tenesten blir steng 1.10.2024. Vi anbefaler at du allereie no byrjar å bruke den nye forenkla a-meldinga for lønna arbeid i heimen på skatteetaten.no/arbeidiheimen.
Start tenesteBruk skjemaet for å gi opplysningar om lønn og forskotstrekk når du betalar lønn for:
MERK: Overstig utbetalingane 60 000 kroner i året, skal du ikkje bruke dette skjemaet. Da skal du bruke ordinær a-melding (A02 eller A01). Har du allereie brukt dette skjemaet (A04) og det viser seg at du går over grensa, kan du bruke skjemaet A04 ut året. Beløpsgrensa gjeld ikkje for utbetalingar for pass av barn under 12 år eller barn med eit særskilt behov for omsorg og pleie.
For utbetalingar som ikkje overstig 6 000 kroner per tilsett i løpet av året, treng du ikkje sende melding.
Skjemaet er for privatpersonar som betalar lønn til tilsette som utfører arbeid i bustaden eller fritidseigedomen.
For å bruke skjemaet treng du ei av desse rollene i Altinn:
Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla
Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.
Skjemaet skal sendast inn seinast fyrste yrkedag etter du betaler ut lønn.
Betal forskotstrekket til Skatteetaten med eigen KID same dag som du har sendt inn meldinga.
Leverer du melding for lønna arbeid i heimen er du friteken frå å levere ein årleg samanstilling/årsoppgave til den ansatte.
MERK: Den tilsette skal ha ei utskrift av lønnsslippen.
MERK: Erstattar du ei melding du har sendt inn, må den nye meldinga vere komplett. Den nye meldinga skriv over all informasjon den meldinga du erstattar.
Har du oppgitt feil utbetalingsdato eller må slette alle opplysningane du har sendt inn, må du annullere den gamle meldinga.
Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000, tasteval 2-3-1 eller bruk Kontaktskjema.