A-melding – alle skjema

I a-meldinga gir du opplysningar om inntekt, arbeidsforhold, forskotstrekk og utleggstrekk for dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift. Opplysningane går til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten.

Skatteetaten har laga nye tenester for å levere a-melding. Dei nye tenestene er tilgjengeleg på skatteetaten.no

Dette gjeld a-melding for verksemder som ikkje har lønnsystem, forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttige organisasjoner og forenkla a-melding for lønna arbeid i heimen.

Dei nye tenestene på skatteetaten.no erstattar skjemaene A01, A04 og A05 som dykk finn på denne sida. 

  • A01 kan ikkje brukes for periodar etter 2023. A01 kan kun brukes for å korrigere a-meldingar som tidligare er levert med A01. 
  • A04 blir stengt for levering av nye a-meldingar 1.oktober 2024. Etter 1.oktober 2024 kan A04 berre brukes til å korrigere a-meldingar som tidligare er levert med A04. 
  • A05 blir stengt for levering av nye a-meldingar 1.januar 2025. Etter 1.januar 2025 kan A05 berre brukes til å korrigere a-meldingar som allereie er levert med A05.

 

A-melding – innsending frå system (A02)

For verksemder med lønnssystem

Har du eller rekneskapsføraren din eit system som er fullt integrert, sender du a-meldinga frå systemet. Denne tenesta er for verksemder med lønnssystem eller eit anna system som er delvis integrert mot Altinn.

A-melding - direkte registrering på skatteetaten.no

For virksomheter utan lønnssystem

Hvis du ikkje brukar lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på nettsidane til skatteetaten.no.

Avstemmingsinformasjon

Avstemmingsinformasjon oppsummerer opplysningane du har sendt inn i ei eller fleire a-meldingar som du kan bestille direkte på nettsidaene til skatteetaten.no

Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon

Forenkla a-melding for velgjerande og allmennyttige organisasjonar som engasjerer ein privatperson til arbeidsoppdrag og lønnsutgifta ikkje inngår i næringsverksemd som du kan levere direkte på nettsidaene til skatteetaten.no/a-melding-velgjerande.

 

Forenkla a-melding om lønna arbeid i heimen

For privatpersonar

A-melding for deg som betaler lønn til personar som utfører arbeid i eller på bustaden eller fritidseigedommen din som du kan levere direkte på nettsidene til skatteetaten.no/arbeidihjemmet.

Skjemaer som utgår

A-melding – direkte registrering i Altinn (A01)

Denne tenesta er for deg som skal endre ei a-melding du har levert i Altinn (A01) tidlegare. Denne tenesta kan ikkje nyttast for periodar etter 2024. 

Viss du skal levere a-melding for ein ny periode, og du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga på skatteetaten.no.

Har du eit lønnssystem, skal du ikkje bruke dette skjemaet, heller ikkje til å endre opplysningar eller rette feil.

A-melding - bestill avstemmingsinformasjon (A06)

Bestill rapport

Avstemmingsrapporten oppsummerer opplysningane du har sendt inn i ei eller fleire a-meldingar. Bestill ein rapport for å kontrollere kva for opplysningar du har sendt inn.

Denne tenesten er ersattet av en ny teneste på skatteetaten.no. Denne tenesten blir stengt når Altinn 2 blir sanert. Vi anbefaler at du allereie no byrjar å bruke den nye avstemmingsinformasjonen på skatteetaten.no/nn/skjema/avstemmingsinformasjon.

Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon (A05)

For velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Skjemaet er for velgjerande organisasjonar som engasjerer ein privatperson til arbeidsoppdrag og lønnsutgifta ikkje inngår i næringsverksemd.

Denne tenesten er erstatta av en ny teneste på skatteetaten.no. Denne tenesten blir stengt 1.1.2025. Vi anbefaler at du allereie nå byrjar å bruke den nye forenkla a-meldinga for velgjerande og allmennyttige organisasjonar på  skatteetaten.no/a-melding-velgjerande

Melding om lønna arbeid i heimen (A04)

For privatpersonar

Skjemaet er for deg som betaler lønn til personar som utfører arbeid i bustaden eller fritidseigedomen din.

Denne tenesten er erstattet av en ny teneste på skatteetaten.no. Denne tenesten blir steng 1.10.2024. Vi anbefaler at du allereie no byrjar å bruke den nye forenkla a-meldinga for lønna arbeid i heimen på skatteetaten.no/arbeidiheimen.


Mine inntekter og arbeidsforhold

Her kan du logge deg på og få innsyn i kva for opplysningar arbeidsgivaren din har sendt til oss Mine inntekter og arbeidsforhold.

Om A-melding – alle skjema

Alle verksemder som betaler ut lønn og har tilsette skal levere a-melding. Dette gjeld blant anna:

  • Arbeidsgivarar
  • Pensjonsselskap

MERK: Utanlandske arbeidsgivarar som har rapporteringsplikt om kontrakts- og arbeidsforhold (skjema RF-1199) skal ikkje rapportere arbeidsforhold. Dei må likevel sende a-melding for utbetalt lønn og andre ytingar, frådrag, forskotstrekk og arbeidsgivaravgift.

Opplysningsplikta er lovfesta i a-opplysningslova.

Er du pliktig til å levere a-melding, men ikkje leverer eller leverer ho med feil, kan du få tvangsmulkt. Manglande rapportering kan òg få følgjer for dei tilsette. Dei kan få feil i skattemeldinga eller feil utbetalingar frå NAV. Det er difor svært viktig at du rapporterer riktig og innan fristen.

Hugs at du skal oppgi arbeidsforhold i a-meldinga sjølv om du ikkje betaler ut lønn.

NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten står saman om a-ordninga. A-ordninga er ein samordna metode for arbeidsgivarar og andre til å gi opplysningar om lønn og arbeidsforhold til staten. Opplysningane blir gitt i ei månadleg a-melding og blir dagleg brukt av private og offentlege aktørar.

Skatteetaten forvaltar ordninga på vegner av dei andre etatane.

Sjå eigne sider om a-meldinga

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000, tasteval 2 - 3- 1 eller bruk Kontaktskjema.

Åpne kontaktskjema