Hjelp med skjema
Her vil du finne ulike spørsmål du kanskje har andsynes skjema i Altinn.
I alle skjema og tenester finn du alle skjema og tenester som ligg i Altinn. Du kan enten bruke søkefeltet øvst på sidan, eller gå inn på ein av kategoriane. Du kan også sortere etter etat ved å trykkje på Alle etatar.
I nokre tilfelle sender etaten lenkje til skjema i innboksane til dei som skal fylle ut eit skjema. I slike tilfelle bør du gå inn i den aktuelle innboksen og finne skjemaet der. For å kunne sjå skjemaet i innboksen, må du ha rett fullmakt. Det kan du få via enkeltrett, rolle eller tilgangspakke.
Er du usikker på kva skjema du skal bruke må du ta kontakt med den etaten eller kommunen som eig skjemaet.
Nokon skjema har spørgsmåltekn du kan trykke på for å få rettleiing til den aktuelle posten. Ta kontakt med etaten som er mottakar og eigar av skjema det gjeld, dersom du treng meir hjelp til utfylling. Kontaktinformasjonen til etaten finn du ved å trykke på "Om skjema" øvst til høgre i skjemaet.
Det er tre måtar å lagre skjema på:
- Byta mellom sidane i skjemaet (førre/neste)
- Trykke på nokon av funksjonane i skjemaet. Når ein gjer det slik, mellomlagres det man har registrert.
- Vel til innboks
Skal ein skrive mye (dvs. lenge - meir enn ca 20 min) i eit felt, bør det skrivast på førehand og limast inn i feltet, eller leggjast til som vedlegg.
Dei fleste skjema har ein enkeltteneste med same namn som skjemaet. Ein enkeltteneste gjer kun tilgang til eit spesifikt skjema.
Du kan også bli tildelt ei rolla, som inneheld mange enkelttenestar. På skjemasiden under "Om denne tenesta" kan du finne ut kva for ei rolla som kreves for dette skjemaet. (Ver oppmerksom på at ei rolla gjer tilgong til svært mange skjema.)